Min side|Du er ikke logget på


Søk etter turer og aktiviteter

Vis avansert søk

Fakta

Turdatoer
25.03.2012 (Kjell Inge Tufte Tyssen)

Merk at datoen for denne turen er passert!

Terreng
Kupert
Vanskelighetsgrad
Litt krevende
Passer for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Kontakt/påmelding
Kjell Inge Tufte Tyssen
95066789
Arrangeres av
Kvam Turlag

Bakkanosi

(D)
Bakkanosi reiser seg 1398 meter over Nærøyfjorden. Bakkanosi er etter kvart vorte eit kjend turmål og det er ikkje utan grunn. Bli med Kvam turlag og opplev toppen av verdsarven!


Påmelding/spørsmål:
Turleiar Kjell Inge Tufte Tyssen, 95066789 / kityssen@gmail.com

Påmeldingsfrist: 23.mars


Oppmøtestad: Haldeplassen i Norheimsund
Oppmøtetid: 0800 (Avreise)

Turbeskrivelse:
Me reiser til Jordalen, ein biltur på vel 2 timar frå Norheimsund. Her parkerer me og tek fatt på dei fyrste 250 høgemetrane og fyrste par kilometrane opp lia til stølane i Slettedalen.
Frå stølane ber dalen namnet sitt med rette. Dei neste fire kilometrane stig me 150 høgemeter. Før det vert noko brattar opp til Lyngskardet på 1200moh. Ei lita kneik til før me stakar oss utover ryggen til Bakkanosi der me nyt utsikta som på gode dagar byr på fleire brear, Hurrungane, Hårteigen og endå til heim til Kvam. Og sjølvsagt vakre Nærøyfjorden 1398 meter under oss.
Retur antageleg same veg. Er me heldige med føret får me oss nokre fine nedkøyringar i passleg bratte bakkar.

Turen er knappe 2 mil og inneber 900 høgemeter opp og ned. Omlag 6-7 timar.

Heimreise: Ca 1700. I norheimsund ca 1900.

Mat: Deltakarane syter sjølve for niste til turen

Utstyr: Vanleg turutrustning for vinterfjellet. Feller.

Transport: Privatbilar.

Pris: Turkontingent 20,-/30,-(medl/ikkje medl) + transport(Privatbil, 2-300kr)



Kart: Turkart Nærøyfjorden eller N50 1316 I Gudvangen

 



Annonse