Min side|Du er ikke logget på


Søk etter turer og aktiviteter

Vis avansert søk

Fakta

Turdatoer
18.08.2012 (Olav J. Bøtun)

Merk at datoen for denne turen er passert!

Terreng
Kupert
Vanskelighetsgrad
Krevende
Passer for
Voksne
Kontakt/påmelding
Gyda Bøtun
99227516
Arrangeres av
Vik Turlag

Huldabotn/Huldakyrkja

Huldakyrkja og Fresvikbreen

Laurdag 18. august går turen til Huldakyrkja i Fresvik. Turen er tung og lang, og ein startar frå Engi i Fresvik kl 08.30. Det er påmelding til turen og avgrensa deltakartal til ca 20 personar. (NB: Ikkje påmedling via SHERPA)

Turen startar frå Engi og første delen går fram til HUldafossen på lett, fin sti inn i Verdsarvområdet. Herifrå tek vi oss opp på høgre sida av fossane, dette partiet er ikkje noko for folk med høgdeskrekk, og passeringa her er også noko av grunnen til at deltakartalet er avgrensa på turen. Når vi kjem opp i Huldabotnen går vi først gjennomn tett skog før landskapet blir opnare. Her må vi krysse elva, og stigninga opp mot Huldakyrkja er bratt. Etter å ha nådd toppen på Huldakyrkja går vi vidare via Fresvikbreen. Breutstyr er nødvendig på denne delen av turen, men det skaffar Turlaget til dei som ikkje har sjølve.

Vi går tilbake via Vassosvatnet og heimatt den lange og trange Tundalen og kjem så heimatt til Engi, der bilane er parkerte.

Turen blir rekna til 8-10 timar, og vi tek verforbehald då turen ikkje blir arrangert i dårleg ver.

Kjentmann: Olav J. Bøtun, turleiar: Gyda Bøtun

Påmelding til Gyda på tlf 99 22 75 16 innan torsdag 16. august.



Annonse