Laurdag 18.08. Frammøte/Avreise frå Rådhuset kl. 09.00 eller frammøte på Ystabø. Turleiar Anne Bøe.
Dette er ein spektakulær tur du ikkje må gå glipp av.
Vi startar frå Ystabø og går opp under Bøafossen. Det er to vegar opp; knubben og skrea, begge vegane kjem att opp på fossen. Her er det bratt !. Går vi knubben er det litt kliving opp med god hjelp av ein streng å halde seg i. Fossen har eit fall på 90 meter. Vi kryssar fossen. Her tek vi ein pause og fyller opp vassflaskene. Vidare går vegen til toppen av Bøahovden, 600 moh. Fin utsikt frå kanten.
Frå Bøahovden går vegen vidare etter høgdene forbi Jensehytta og opp til Bøastølen, ca. 1200 moh. Hit opp brukar vi ca. 3 timar. Stølen har ikkje vore i bruk sidan ca. år 1900, så berre murane er igjen etter stølshusa. Her det Stølsturtrimpost, ta med klippekortet.
Turen går vidare i nokso flatt lende til Bøahytta (Bronda); brukar 1/2 - 1 time hit. På høgste punktet er vi på 1300 moh. No er det strake vegen nedatt til Rikheim via Senddalen, ca. 2 1/2 time.
Totalt tek turen ca. 8 timar med pausar.